Søke fritak frå plikten til å ta norsk og samfunnskunnskap

Vil du søke om permanent opphald eller norsk statsborgarskap? Då må du ha minst 250 timar norskkurs og 50 timar samfunnskunnskap.

Du kan søke fritak frå plikta, på visse vilkår.

Fekk du opphald før 1. januar 2016?

For deg som fekk opphald før 1. januar, gir fritak frå norsk både fritak frå plikten til norsk og samfunnskunnskap.

Fekk du opphald etter 1. januar 2016?

For deg som fekk opphald etter 1. januar 2016 er det ikkje nok å søke om fritak frå norsk. Du må søke fritak både for norsk og samfunnskunnskap.

Har du ikkje fått fritak og heller ikkje gjennomført opplæringa i norsk og samfunnskunnskap, får du avslag på søknaden om permanent opphald i Norge.

Fritak på grunn av dårleg helse

Er du alvorleg sjuk eller kronisk sjuk? Då kan dette vere grunn til å søke om fritak frå plikta om norsk og samfunnskunnskap. Du må dokumentere sjukdomen din med ein legeattest når du søker om fritak på dette grunnlaget.

Det skal litt til å få fritak på grunn av dårleg helse. Det er ikkje nok å vere varig arbeidsufør.

Slik søker du om fritak

Vi har ikkje eit eige skjema for å søke fritak. Vurderer du å søke fritak? Ta kontakt med oss på vaksenopplæringa, så hjelper vi deg.

Våre opningstider er måndag til fredag mellom klokka 08.30 og 15.30.

Web levert av CustomPublish