Søk tilskot mot barnefattigdom

Søk om støtte, og bidra til at barn og unge, som er ramma av fattigdom, får delta på ferie- og fritidsaktivitetar.

Om tilskotet

Det er barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) som står bak den nasjonale tilskotsordninga mot barnefattigdom.

Formålet med tilskotet er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom mellom barn og unge. Tilskotet skal gi fleire barn og unge moglegheita til delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar uavhengig av inntekta og den sosiale situasjonen til foreldra deira.

Kven kan søke?

Offentlege instansar, private aktørar, og frivillige organisasjonar kan søke om midlar.

 «Målgruppa er barn og ungdom som er ramma av fattigdomsproblem. Saman med barna og dei unge inngår deira familiar i målgruppa når tiltaket rettar seg mot kultur, fritids- og ferieaktivitetar».

Kva kan du får støtte til?

Du kan søke om tilskot til tiltak som:

  • bidrar til at barn og unge, som er ramma av fattigdomsproblem, og familiane deira kan delta på kultur- og fritidsaktivitetar
  • bidrar til at barn og unge, som er ramma av fattigdomsproblem, og familiane deira kan delta på ferieaktivitetar.
  • bidrar til at barn og unge, som er ramma av fattigdomsproblem, kan delta på alternative arenaer for meistring

Søknadsfrist

Søknadsfristen er fredag 2. desember 2016.

Slik søkjer du

Trykk her for å gå til heimesida til Bufdir.

Her finn du meir informasjon om tilskottet, rettleiar og lenke til søknadsskjemaet.

Treng du hjelp?

Ta kontakt med rådgjevar på oppvekst, Anita Mæland.

Web levert av CustomPublish