Søk om tid på idrettsanlegg

Lindås kommune sine idrettshallar og uteanlegg, er i utgangspunktet opne for alle typar aktivitet, organisert og uorganisert. Vi leiger også ut til kommersielle aktørar.

Det er eigedomseininga i kommunen som står for utleige og utlån av anlegga.

Krav til søkjar

  • Det må alltid vera ein person over 18 år til stades under organisert aktivitet i anlegga.
  • Leige-/låneforholdet gjeld alltid mellom Lindås kommune og hovudstyret i laget.
  • For større arrangement og kommersielle aktørar blir vilkår fastsett i leigekontrakt.

Kva kostar det?

Bruk av idrettsanlegga våre er, med visse unnatak, gratis for barn og unge som bur i Lindås kommune.

Trykk her for å lese meir om prisar og regelverk.

Slik søkjer du

Kommunen lagar timeplan for faste brukarar i samarbeid med lag og organisasjonar. Dette skjer ein gong i året.

All anna ledig tid vert tildelt fortløpande. For å søkje tid, ta kontakt med fagleiar for idrett og grønt, Atle Vaage:

Klage på vedtak

Du kan klage på tildeling av tid innan tre veker etter at du mottok vedtaket.  Vi har ikkje eit eige skjema for dette, så det er nok at du skriv eit brev og sender det til:

Lindås Idrettsråd, ved leiar Ketil Porsmyr

Web levert av CustomPublish