SMIL-midlar og støtte til drenering

Lindås kommue har fått 340.000 kroner til den lokale SMIL-potten og 65.000 til å støtte dreneringstiltak i 2016. Søknadsfristen for SMIL-midlane er 1. juni.

Slik søkjer du SMIL-midlar:

SMIL står for spesielle miljøtiltak i landbruket. Du kan søkje om tilskot til gjerde, beiterydding og lyngsviing, restaurering av steingardar og gardflorar med meir. For å kunne søkje om SMIL-midlar må du ha rett på produksjonstilskot i landbruket.

Trykk her for å gå til søknadsskjema.

Søknadsfristen for SMIL-midlar er 1. juni.

Slik søkjer du støtte til drenering:

Satsane er 15 kr/m for usystematisk grøfting eller 1000 kr/daa for systematisk grøfting. Tilskotet gjeld tidlegare grøfta eller planert jordbruksjord.

Trykk her for å gå til søknadsskjema.

For midlar til drenering av jordbruksjord er det løpande søknadsfrist til midlane er brukt opp.

Kontakt oss:

Lurar du på noko? Ta kontakt med landbrukssjefen i Lindås kommune.

Kjartan Nyhammer, landbrukssjef
Mobil: 959 17 471
E-post : kjartan.nyhammer@lindas.kommune.no

Web levert av CustomPublish