Små endringar innandørs

Dette gjeld kun for installering, endring og reparasjon av enkle installasjonar. Tiltaket må ikkje gripe inn i bærande konstruksjonar og ikkje bryte ei branncelle.

Du treng ikkje søkje om å få:

  • Setje opp, flytte eller rive ein ikkje-bærande vegg innanfor ei branncelle.
  • Skifte ut eller installere nytt utstyr på eksisterande våtrom.
  • Installere ny kjøkkenventilator som ikkje vert kopla til ventilasjonsanlegget.
  • Installere kjølerom.
  • Installere ny vask i eksisterende bustad som allereie har sanitæropplegg.

Treng du rettleiing i byggjesaksspørsmål?

Send ein e-post med spørsmålet ditt til byggesak@lindas.kommune.no. Vi svarar på e-posten din innan 10 dagar.

Du kan også ta kontakt med kundesenteret på rådhuset tysdag og torsdag i tidsrommet 09.00 – 11.30 og 12.00- 15.00, anten ved oppmøte eller på telefon 56 37 51 00.

Trykk her for å lese meir om kva vi kan hjelpe deg med på kundesenteret.

Web levert av CustomPublish