Slik rammar streiken i Lindås

Her finn du oversikt over konsekvensane av den planlagte streiken onsdag 28. januar – frå klokka 14:00 til 16:00.

Onsdag 28. januar 2015 vert arbeidstakarar i dei store arbeidstakarorganisasjonane LO, Unio og YS oppmoda til å delta i ein politisk streik. Streiken er ein demonstrasjon mot regjeringa sitt forslag til endring av arbeidsmiljølova, og varar frå klokka 14:00 til 16:00.

Nokre av dei tilsette i Lindås kommune vil delta i markeringa. Innbyggjarane i kommunen vil merke streiken på tre område: Kultur, barnehage og skule.

Foreldre til born i barnehagar eller skular, som vert råka av streiken får direkte informasjon om eventuelle konsekvensar av streiken - og vert oppmoda til å samarbeide! Elevar på nokre av skulane, vil oppleve at skulebussane heim ikkje går som normalt. Her det er ekstra viktig med samarbeid, for å sikre at alle elevar kjem trygt heim.

Informasjon skal vere

  • Kultur – stengjer tre avdelingar klokka 14:00
    • Biblioteka
    • Frivilligsentralen
    • Kulturkontoret
  • Barnehage – stengjer avdelingar på to av tre barnehagar klokka 14:00
    • Haugen barnehage stengjer klokka 1400
    • Juvikstølen barnehage stengjer fem av sju avdelingar klokka 1400
  • Skule – nokre bussruter er tatt ut og SFO-tilbod vert innskrenka
    • Knarvik barneskule: Skulen stengjer ti minutt før normal tid. SFO opnar ikkje i det heile. Foreldre til born som normalt har skyss vert bedt om å ordne med skyss sjølv.
    • Knarvik ungdomsskule: Fullfører skuledagen, men har ikkje skyss til dei som treng det. Foreldre vert bedt om å organisere privat skyss eller sende melding med elevar som må ta buss før skuledagen er over.
    • Lindås barneskule: Undervisninga avsluttar 14:15, og elevane må forlate skulen etter dette. SFO vil berre ha ope for elevar i 1.-3. klasse.
    • Lindås ungdomsskule: Stenger klokka 13:55. Skuleskyssen frå Knarvik går ikkje som normalt.
    • Ostereidet barneskule/ Ostereidet ungdomsskule – Tre bussruter er tatt ut: Fyllingsnes vegkryss, Myking, Hindenes.
    • Seim skule – Bussen til Neset går ikkje.

NB: Kommunen har berre oversikt over konsekvensar for dei kommunale barnhagane. Foreldre med born i private barnehagar må søke informasjon hos leiar eller avdelingsleiar i den aktuelle barnehagen.

Web levert av CustomPublish