Klage på eit vedtak i ein byggje- eller delingssak
Har du som søkjer fått eit vedtak som du vil klage på?
Klagefristar
Fristen for å klage er tre veker frå vedtaket vart levert i postkassa eller på e-posten din.
Har du ikkje mottatt vedtaket frå oss, er fristen tre veker frå du vart gjort kjent med vedtaket.
Slik klagar du
- Vi har ikkje eit eige skjema for å sende ein klage. Klagen sender du ei eit vanleg brev til oss.
- Klagen må være skriftleg. Du må vise til vedtaket det vert klaga på og kva endring du ønskjer i vedtaket.
- Klagen sender du på e-post til postmottak@lindas.kommune.no eller med post til Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø.
- Du må poste klagen før fristen går ut.
Kva skjer vidare?
- Når du sender klagen, vil du motta eit brev som stadfestar at vi har mottatt klagen din.
- Dersom du har bedt om utsett iverksetting av vedtaket, vert det vurdert av kommunen.
- Dersom det er fleire partar involvert, så vert klagen sendt til partane med frist for å gi kommentarar til klagen.
- Vi behandlar klagen administrativt først og kan endre vårt vedtak.
- Vi skal behandle klagen din innan åtte veker. I saker der vi har gitt utsett iverksetting av vedtaket, er fristen seks veker.
- Dersom vi ikkje endrar vedtaket vårt, skal klagen til behandling i plan- og miljøutvalet, som er eit politisk utval. Du vil få brev frå oss om klagen din skal til handsaming i utvalet. Trykk her for meir informasjon om plan- og miljøutvalet, medlemmer og møteplan.
- Dersom vi ikkje endrar vedtaket vårt, sender vi klagen vidare til Fylkesmannen i Hordaland for behandling.
- Fylkesmannen skal behandle klagen innan tolv veker
Kva kostar det?
Det kostar ingenting å klage på eit vedtak.
Kva seier lova?