Klage på helse- og omsorgstenester

Kva kan du klage på?

  • at du ikkje har fått tilbod om den tenesta du ønskjer
  • forhold ved tenesta som du ikkje er nøgd med
  • kritikkverdige forhold
  • saksbehandlinga

Klage på vedtaket

Du kan klage på vedtaket vårt, om du ikkje får helse- og omsorgstenester som du sjølv meiner du har krav på. Du kan klage innan tre veker etter at du fekk det endelege vedtaket på søknaden din.

Sidan klagen mest sannsynleg inneheld sensitive opplysningar om deg, er det ikkje trygt å sende klagen på e-post. Klagen kan du levere på rådhuset eller sende til:

Lindås kommune, Forvaltningskontoret
Kvernhusmyrane 20
5914 Isdalstø

Når vi får klagen, må vi gå gjennom vedtaket på nytt og vurdere ei endring. Dersom vi ikkje endrar vedtaket, sender vi klagen din vidare til Fylkesmannen i Hordaland.

Trykk her for å lese meir om klage på helse- og omsorgstenester

Klage på tenesta

Er du ikkje nøgd med tenesta du får, til dømes på ein sjukeheim, bør du først og fremst ta kontakt med leiinga på sjukeheimen. Ver tydeleg på kva du ikkje er nøgd med og ønskjer at vi skal endre.

Dei som mottar klagen din, må undersøke saka og endre tilbodet dersom det ikkje er godt nok. Får du ikkje medhald, kan du sjølv sende ein skriftleg klage til Fylkesmannen i Hordaland.

Trykk her for kontaktinformasjon til Fylkesmannen i Hordaland

Får du medhald, kan Fylkesmannen starte ein tilsynssak. Då må kommunen utbetre eventuelle feil. Får du ikkje medhald frå Fylkesmannen kan du klage til klage til Sivilombudsmannen.

Trykk her for å gå til sida til Sivilombudsmannen

Hjelp til å klage

Treng du hjelp til å klage? Ta kontakt med forvaltningskontoret vårt.

Lenkjer

 

Web levert av CustomPublish