Slik kjem du til Lindås


Med bil: 

Via Bergen; Følg E39 nordover og over Nordhordlandsbrua. Kjøretid ca 30 minutt frå Bergen sentrum til kommunesenteret Knarvik.

Via Voss; Følg E16 mot Bergen. I rundkjøring i Arna, ta til høgre inn på E39 og følg denne nordover. Kjøretid frå Voss ca 1 time 30 minutt til kommunesenteret Knarvik.

Via Førde: Følg E39 sørover mot ferjestrekninga Lavik-Oppedal. Følg E39 vidare sørover mot regionsenteret Knarvik. Kjøretid frå Førde ca 2 timar 30 minutt til kommunesenteret Knarvik.

Frå Ytre Sogn: Ta Rv57 og ferja frå Rysjedalsvika til Rutledal. Vidare til Sløvåg og ferja til Leirvåg. Ta til venstre kort tid etter ferjekaien og følg Rv57 ca 40 minutt sørover til kommunesenteret Knarvik.


Med båt:

Frå sør via Bergen. Følg byfjorden nordover, og drei inn Osterfjorden, under Nordhordlandsbrua og så nordover inn Alverstraumen.

Frå nord: Kryss munninga av Fensfjorden, ta inn Kjelstraumen, kryss Lurefjorden og følg Radsundet og Alverstraumen.

Frå vest: Ta inn sør for Fedje, følg Mangersfjorden og Radfjorden sørover.

 

Med fly:

Fly til Flesland, Bergen. Godt busstilbod frå Bergen til kommune og regionsenteret Knarvik.

 

Web levert av CustomPublish