Slik kastar du matfeittet

Skyljer du matfeittet rett i vasken eller i do? Stopp! Les dette først.

Middagen er over og oppvasken står for tur. Kvar gjer du med matfeittet i kasserollar og steikepanner.

Ikkje skyll det i vasken eller kast det i do. Det kan koste deg dyrt og føre til uønska julebesøk. Feittet stivnar og kan blokkere røra dine. Feittet kan også vere lokkemat for rotter, og føre til at dei kryper opp i røra dine.

Så kva skal du gjere?

Når du har steikt ribbe eller kokt pinnekjøtt, må du følgje denne oppskrifta:

  • la formen kjøle seg ned til dagen etter
  • skrap av feittet og kast det med matavfallet

Du må aldri skylje feittet ned i vasken eller do.

Her kan du lese meir

På fettvett.no kan du lese meir om korleis du handterer feittavfallet ditt.

Web levert av CustomPublish