Slik kan du delta

Omsorgsteknologi er ein ordinær del av tenestetilbodet til heimetenesta i Lindås kommune - i heile prosjektperioden. 

Prosjektet varar i tre år, til og med sommaren 2015. I heile denne perioden, opnar kommunen for å la inntil 250 brukarar ta i bruk omsorgsteknologi. Brukarane testar berre den teknologien dei treng for å vere trygg og sikker. Kva som passar for deg eller dine næraste, vert vurdert på vanleg måte. Slik går du fram:

  1. Informasjonsmøte: Ønskjer du meir informasjon om prosjektet og tenestene, ta kontakt med Bestillarkontoret, Heimetenesta eller prosjektkoordinator Gro Løvik. Dei som treng det, får tilbod om eit informajonsmøte i eigen heim, før dei søkjer. 
  2. Søknad: Veit du nok, kan du gå rett på søknad. Bruk det ordinære søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester i kommunen. Trykk her for å gå til søknadsskjema.
  3. Vurdering: Søknaden vert vurdert på vanleg måte.
  4. Tildeling: Får du tilslag på søknaden, kjem tilsette i heimetenesta heim til deg – og skreddarsyr eit tilbod som passar deg og din situasjon.

Omsorgsteknologi er eit lågterskeltilbod. Dette betyr at dei ulike tenestene også vert brukt til førebygging.  Du treng ikkje ha ein dårleg helsetilstand, for å føle deg utrygg i eigen heim. Det er inga nedre aldersgrense for tenesta. Teknologien kan vere ei støtte for ulike brukarar, anten dei er barn eller eldre. Teknologien kan også vere eit supplement til dei som allereie mottar andre tenester.

Ved å delta i prosjektet, bidrar du til forskinga og utvikling av tenesta – til nytte for både brukarar og pårørande. For meir informasjon om teknologien, som Lindås kommune tilbyr gjennom dette prosjektet – gå til sida for heimetenester i Lindås kommune.

Søknadsskjema finn du i boksen til høgre (eller under artikkelen, om du er på mobil/nettbrett). Skjemaet ligg også under sjølvbetening/skjema - bruk det generelle skjemaet til helse- og omsorgstenester.

Web levert av CustomPublish