Skulane på Ostereidet er stengt etter lynnedslag

Avgjerda om å stengje skulane vart tatt klokka 07:30, og gjeld alle elevar på 1.-9. trinn på Ostereidet barneskule og Ostereidet ungdomsskule.

Nokre av elevane var på SFO, då kriseleiinga i kommunen tok avgjerda om å stengje skulane. Avgjerda vart tatt på bakgrunn av dei første meldingane frå BKK, som tyda på at rettinga ville ta fleire timar.

Då BKK fann feilen raskare enn venta, kom straumen tilbake for dei fleste i bygda – også skulane. Skulane på Ostereidet vert likevel stengt resten av skuledagen. Elevar på 1.-9. trinn må difor vere heime i dag. Dette gjeld ikkje elevane på 10. trinn. Dei har premiere på ein musikal i kveld, og er på skulen for å øve og førebu seg til førestillinga. Musikalen går av stabelen som planlagt.

Om ikkje anna vert varsla, opnar skulane for ordinær drift torsdag 15. januar.

Kraftig lyn- og tordenver ramma store delar av Lindås i natt. Fleire område var utan straum i kortare og lengre periodar. På det meste var 155 husstandar på og kring bygda Ostereidet straumlause. Uveret held fram utover dagen. Kommunen oppmodar alle som mister straumen, om å varsle feil direkte til BKK på feilvarslingstelefonen 05 123.

Den kommunale kontakttelefonen (94503169), som vart opna då uveret herja som verst, er framleis bemanna. For situasjonar knytt til liv og helse, bruk dei ordinære naudnummera.

Web levert av CustomPublish