Skjenketider

Når kan du skjenke?

Skjenketida for gruppe 1 og 2 er alle dagar frå kl. 0800 til kl. 0100 – med følgjande unnatak:

  • Søn- og helligdagar startar skjenking frå kl. 1200.
  • Fredagar og laurdagar, 2.juledag og nyttårsafta - til kl. 0200.

Skjenketida for gruppe 3 er frå kl. 1300 til kl. 2400 alle dagar – med følgjande unnatak:

  • Fredagar og laurdagar, 2.juledag og nyttårsafta - til kl. 0100

Eigne reglar for uteservering

For stader som har løyve til uteservering, er skjenketida for alkoholhaldig drikk:

  • gruppe 1 og 2 til kl. 0100 alle dagar.
  • gruppe 3 gjeld berre fredag og laurdag frå kl. 1300 til kl. 0100.

Eigne reglar for lukka selskap

For stader som har skjenkeløyve til slutta selskap, er skjenketida for all alkoholhaldig drikk gruppe 1 og 2 frå kl. 0900 til maks. kl. 0200. For alkoholhaldig drikk gruppe 3 er skjenketida frå kl. 1300 til kl. 0200.

 

Web levert av CustomPublish