Skjenkeløyve for opne og lukka arrangement

Når må du søkje om skjenkeløyve for arrangement?

Du må søkja om skjenkeløyve dersom:

  • du leiger lokalet, tar betalt for alkohol eller når lokalet berre har serveringsbevilling
  • du skal servere alkohol i eit lukka selskap, til dømes bryllup, jubileum eller liknande
  • du skal ha et arrangement som er ope for publikum, i lokale uten skjenkebevilling eller utandørs på eit avgrensa område

Krav til søkjar

Du som søkjer må vere over 20 år

Dersom søkjar ikkje skal vera ansvarleg for skjenkinga, må du skrive kven som skal vere ansvarleg. Skjenkeansvarlig må vere over 20 år. Skal du ha ein avløysar for skjenkeansvarleg, må han eller ho også vere over 20 år. Det er ikkje nødvendig med avløysar på mindre arrangement.

Kva kostar det?

Gebyrsatsen for lukka arrangement, til dømes bryllup, jubileum og firmafestar, er 350 kroner.

Gebyrsatsen for opne arrangement kan variere etter storleiken på arrangementet. Minstesatsen er 350 kroner.

Slik søkjer du om skjenkeløyve

Vi har eit felles søknadsskjema for opne og lukka arrangement.

Trykk her for å laste ned og fylle ut søknadsskjemaet for skjenkeløyve for opne og lukka arrangement.

Skjenketider

Trykk her for å lese kva reglar som gjeld for skjenketider i Lindås kommune.

Når får du svar på søknaden?

Vi behandlar søknaden din innan to veker.

Korleis får du svar?

Dersom du har gitt oss ei e-postadresse, kjem svaret på e-post.

Har vi ikkje e-postadressa di, får du svaret via Altinn, Digipost eller E-boks.

Web levert av CustomPublish