Skjenkeløyve for alkohol
Skal du starte ein serveringsstad og ønsker å skjenke alkohol, må du søke om både serveringsløyve og skjenkeløyve.
Trykk her for å lese meir om korleis du søkjer serveringsløyve.
Krav til søkjar:
- Styrar og avløysar for styrar må ha bestått kunnskapsprøven for å kunne søke om skjenkeløyve.
- Du må ha plettfri vandel.
- Styrar og avløysar for styrar må vere tilsett eller ha ein eigarstilling på staden.
- Styrar og avløysar for styrar må vere over 20 år.
- Du må skildre av opplegget for drifta, som hindrar at lyd frå skjenkestaden blir til vesentleg sjenanse eller ulempe for dei som bur i området. Det same gjeld orden på området kring inngangspartiet.
- Vi må ha dokumentasjon frå brannvesenet på kor mange personar du maksimalt har lov til å ha i lokalet ditt.
- Søknaden må innehalde opplysningar om at verksemda vil bli registrert i manntalet for meirverdiavgift så snart du får registreringsplikt.
- Du må dokumentere at alle tilsette er registrert i arbeidstakarregisteret, at dei har lovlege arbeidskontraktar og at det er teikna yrkesskadeforsikring for alle tilsette.
Når kan du skjenke?
Trykk her for å lese reglane for skjenketider i Lindås kommune.
Slik søkjer du om skjenkeløyve
Trykk her for å laste ned og fylle ut felles søknadsskjema for serverings- og skjenkeløyve.
Før du søkjer, leit fram og gjer klar følgjande vedlegg:
- Planteikningar som visar arealet og funksjonane i lokalet.
- Stadfesta dokumentasjon på at styrar og avløysar for styrar har bestått kunnskapsprøven.
- Firmaattest frå Brønnøysundregisteret. Gjeld for deg som søkjer løyvet. Attesten må ikkje vere eldre enn 2 månader.
- Skatteattest. Gjeld for deg som søkjer løyvet.
- Dokumentasjon på at styrar og avløysar for styrar er tilsett ved skjenke- eller salsstaden.
- Bruksløyve frå bygningsmyndigheitene.
- Eigenerklæring der det går fram at du som søkjer har tilgang til lokala der du skal drive (leigeavtale).
- Dokumentasjon på serveringsløyve, dersom du ikkje søkjer om dette også.
- Dokumentasjon på at kravet om internkontroll er oppfylt.
- Dokumentasjon på at du før oppstart har fått alle nødvendige løyver frå Mattilsynet.
- Utskrift av aksjeeigarbok med alle involverte aksjonærar. Eigarforholda må vere stadfesta av revisor.
Når får du svar på søknaden?
Vi behandlar søknaden din innan fire månader frå du har sendt alle nødvendige opplysningar og dokument.
Allle søknadar om salsløyve skal først til behandling i kontrollutvalet for alkohol, deretter tar formannskapet ei endeleg avgjerd. Det er møtekalenderen til formannskapet som avgjer kor raskt vi klarar å svare på søknaden din.
Lurar du på når formannskapet skal ha sitt neste møte? Trykk her for å gå til politisk møtekalender.
Lurar du på kven som sit i kontrollutvalet for alkokol? Trykk her for å få denne oversikta.
Kva seier lova?
Slik klagar du