Sjølvbetjening

Nettstaden vår har mykje informasjon som truleg sparar deg frå å måtte skrive eller ringe oss. Men i omgrepet "sjølvbetjening" legg vi meir enn å finne informasjon om kommunen sine tenester, organisasjon, planverk, mm.

Det er eit mål at du lettvindt - når det passar deg - skal kunne hente offentlege dokument direkte frå vårt arkiv, søke om tenester eller kanskje om stilling i kommunen via elektroniske skjema, gje høyringsuttale på ulike framlegg utan konvolutt eller epost-konto,  

I tillegg til denne nettstaden er vi glade for å kunne by på nordhordlandskart.no, der du finn mykje god informasjon om heile regionen. Her kan du også sjå kan sjå kva som er gjort eller planlagt  i ditt nærmiljø. Du finn oss også på Facebook og LinkedIn.

Vi vil halde fram med å auke sjølvbetjeningsgraden, i trygg forvissing om at vi går i rett lei. 

Web levert av CustomPublish