Vi inviterer til ny dugnad mot brunsnigelen! Her er eit bilete frå utdelinga i fjor.

Vi inviterer til ny dugnad mot brunsnigelen! Her er eit bilete frå utdelinga i fjor.

Sjå når og kvar du kan hente din pose med Nemaslug!

Utdelinga startar klokka 18.00 torsdag 28. april. I år kan du hente Nemaslug for inntil to naboar eller kjenningar - i tillegg til deg sjølv. 

I august 2015 inviterte Lindås kommune til storstilt dugnad for å redusere talet på brunsniglar i kommunen. Dugnaden vart ein kjempesuksess og mobiliserte mange innbyggjarar.

No har vi bestilt eit nytt parti med middelet Nemaslug – og inviterer til ny dugnad.

Utdelinga skjer på same måte som i fjor. Vi delar opp partiet og køyrer ut middelet til fire plassar i kommunen.

Utdelinga startar klokka 18.00 torsdag 28. april på følgjande fire plassar:

  • I Nordhordlandshallen i Knarvik
  • I gymsalen på Alversund skule
  • I Lindåshallen på Lindås
  • I idrettsbygget på Ostereidet

Det er berre ein pose per hushald! Klarar du ikkje å kome deg til ein dei fire plassane på utdelingsdagen, kan du alliere deg med ein nabo eller ein du kjenner. Då må du utruste hjelparen din med eit løyveskjema.

Du som hentar kan berre ta med Nemaslug for to naboar/kjende i tillegg til deg sjølv.

Trykk her for å laste ned skjemaet som gir andre lov til å hente Nemaslug for deg.

Tar du utfordringa?

Vi set stor pris på engasjementet og ønskjer alle lykke til med felles dugnad for ein kommune med mykje hageglede – og lite brunsnigel!

Web levert av CustomPublish