Alle partia med lister til kommunestyrevalet i Lindås i 2015, har lagt sine valprogram i konvolutten som vert sendt til alle husstandar i kommunen.

Alle partia med lister til kommunestyrevalet i Lindås i 2015, har lagt sine valprogram i konvolutten som vert sendt til alle husstandar i kommunen.

Siste runde med valprogram!

I dag køyrer vi ut siste rest med valprogram til husstandar langs strekninga Ostereidet - Romarheim.

For første gong i historia har vi samla alle partiprogramma til dei som stiller til kommuneval i Lindås, og sendt dei til deg som skal stemme.

Jobben med å leggje alle brosjyrane i 6.500 konvoluttar, har politikarane gjort på dugnad. Lindås kommune betalar rekninga for utsending, slik at du får heile pakka med valprogram – og ikkje berre programma til dei partia du tilfeldigvis møter i løpet av valkampen.

Slik sender vi

Eit lokalt distribusjonsselskap skal køyre ut alle konvoluttane for oss. Distributøren reknar med at jobben vil ta omlag tre dagar, og trur han er i mål med sin del av jobben i løpet av veke 36 (31. august til 6. september). Deretter vert det gjort ein innsats for å nå dei som hentar posten sin i ein boks på nærbutikken.

Har du ikkje fått konvolutten i løpet av denne veka, eller tidleg i neste veke? Møt opp på rådhuset og hent din konvolutt med partiprogramma. Vi legg restopplaget i ekspedisjonen når vi har vore runden til alle postkassar og postboksar i kommunen. Vi legg ut meir informasjon om dette etter ei opptelling tidleg i neste veke.

Kvifor gjer vi dette?

Målet er sjølvsagt å gi alle innbyggjarar i Lindås den same moglegheita til å setje seg inn i kva dei ulike partia står for. Vi trur at dette kan vere med å auke valdeltakinga – og på den måten styrke lokaldemokratiet i kommunen vår.

Alle dei lokale partia som stiller til kommunestyreval i Lindås, har fått tilbod om å leggje sine valprogram i denne konvolutten. Dei same partia har i tillegg fått lov å dele valprogramma til sine fylkesparti. Vi har ikkje vore i kontakt med alle partia med lister til fylkestingvalet, men vil oppmode deg særskilt til å sjekke kven som står på val her – og kva saker dei brenn for.

Slik stemmer du!

Måndag 14. september er den offisielle dagen for kommunestyre- og fylkestingval i Noreg. Lindås kommune har 11 røystelokaler. Alle er opne frå klokka 12.00 til 20.00. Høyrer du til Lindåskrinsen, vil vi gjere deg merksam på at lokalet på valkortet ditt er feil. Røystinga er flytta frå Lindås barneskule til Lindåshallen.

Kan du ikkje stemme på valdagen, sjekk heimesida til Lindås for meir informasjon om førehandsrøysting. Til og med 11. september er det mogleg å førehandsrøyste på rådhuset i Knarvik, biblioteket i Knarvik og biblioteket på Lindås.

Web levert av CustomPublish