Håkon Askeland gir dagens instruksjonar til UngJobb-hjelparane sine, Hans Jørgen Grutle og Mathias Fykse Oen.

Håkon Askeland gir dagens instruksjonar til UngJobb-hjelparane sine, Hans Jørgen Grutle og Mathias Fykse Oen.

Set stor pris på UngJobb

Ekteparet Håkon og Ingeborg Askeland har hatt glede av UngJobb i fleire år. I år har dei fått hjelp av to flotte ungdomar, til å rydde vekk kvist frå hagen.

Det er måndag morgon. Lindås kommune har invitert ungdomar mellom 15 og 18 år til to veker med UngJobb. Formålet er å gi ungdom i kommunen ei moglegheit til å tene nokre kroner i skuleferien. Samstundes opnar det for at næringsliv og privatpersonar kan få hjelp til enkle oppdrag. Ein klassisk vinn-vinn-situasjon.

20 ungdomar ventar medan Eivind Utne Knutsen klargjer datamaskina og gjer opp status. Leiaren for UngJobb har fått inn nokre få oppdrag, men på langt nær så mange som han har ungdomar i kantina til Nordhordlandshallen.

Ønskjer du å jobbe eller melde inn oppdrag til UngJobb?
Trykk her for å lese korleis du går fram.

Rekordstor interesse

– Eg var leiar for UngJobb i fjor også. Ungdomane som er her no, trur eg er svarar til alle ungdomane eg hadde innom UngJobb i heile fjor, seier Eivind.

Han oppmodar folk til å melde inn oppdrag på det elektroniske skjemaet på heimesida til kommunen.

– Det er synd om folk først vaknar når dei to vekene er over, seier han.

Hans Jørgen Grutle (15) og Mathias Fykse Oen (16) var mellom dei første på plass i hallen denne morgonen, og trekk dagens lengste stå – eit oppdrag hos Håkon og Ingeborg Askeland.

Det eldre ekteparet treng hjelp til å rydde vekk nokre haugar med kvist frå hagen sin. Kvistane er ekteparet sitt bidrag til det årlege Sankt Hans-bålet på leikeplassen i nabolaget.

Eit godt tilbod

Håkon og Ingeborg har meldt inn oppdrag til UngJobb i fleire år, og er svært nøgd med hjelpa dei har fått.

– Vi har fått hjelp til å rydde i hagen, luke bed, køyre vekk mold og klyppe hekk. Dette er eit svært godt tilbod, seier Håkon medan han gir instruksjonar til dei to gutane. Alle kvistane skal ned på ei presenning, som Hans Jørgen og Mathias kan dra ned på leikeplassen.

– Eg trur dei har jobb i om lag seks timar. Og så skal dei få lunsj klokka 12.00. Det er viktig å ta godt vare på ungdomane som kjem. Dette er framtida, held Håkon fram.

Hans Jørgen og Mathias er nøgd med oppdraget, og ekstra nøgd med oppdragsgjevarane.

– Eg var med på UngJobb i fjor også. Det er kjekt å tene nokre kroner, seier Mathias.

Web levert av CustomPublish