Bildebruk var tema på ein dataklubb for seniorar.

Bildebruk var tema på ein dataklubb for seniorar.

Seniorar fekk tips til bildebruk

Korleis kan du sikre at bileta ikkje vert liggande på ei datamaskin - og aldri brukt til noko? 20 seniorar fekk tips på ei samling i regi av dataklubben til Frivilligsentralen.

«Inspirasjonssamling for bruk av eigne bilete» var overskrifta, då 20 seniorar nyleg var samla til dataklubb i kantina i Nordhordlandshallen.

Eli Eidsnes frå Elite Foto i Knarvik senter var hanka inn til å gi tips og råd om gamle og nye bilete, eit mangfald av julegåver, korleis bestille på nettet og laste ned fotobok-program m.m.

Det var mogelegheit for deltakarane å stille spørsmål eller kome med eigne erfaringar undervegs, og Eidnes hadde ein særs engasjert gjeng framfor seg.

I pausen var det mingling, kaffi, druer, lefser og nysteikte vaflar, som Siren hadde laga til til oss. Ein kunne også sjå på alle dei ulike produkta ho hadde med seg, det var mykje flott. Ein veldig kjekk og inspirerande formiddag. No gjenstår det berre å sjå om det ligg mange flotte gåver frå deltakarane under juletrea i år.

Web levert av CustomPublish