Elektronisk faktura til Lindås kommune

Lindås kommune krev elektronisk faktura i såkalla "EHF-format" på alle typar innkjøp og bestillingar frå 1. januar 2015.  Her er viktig informasjon om kva som skal til for at verksemda di skal kunne sende elektronisk faktura til Lindås kommune.

EHF er ei forkorting for Elektronisk HandelsFormat. Ein slik faktura vert overført elektronisk frå seljar til kjøpar sitt økonomisystem.

Lindås kommune nyttar Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) sin standard for elektronisk faktura. På denne måten blir vi meir effektive!

Her kan du lese meir om ordninga:

EHF-standarden er forankra i Forskrift om IT-standard i offentleg forvaltning.

Les meir om ordninga på nettsidene til Difi:  Om elektronisk faktura

Lindås kommune sitt organisasjonsnummer er:  935 084 733

Kan du ikkje verksemda di levere ein EHF?

Sende faktura på epost til regnskap@lindas.kommune.no

Sender du faktura på denne måten, hugs å få med følgjande opplysningar:

  • Firmanamn, organisasjonsnummer,  merverdiavgiftspesifikasjon, fakturanummer, fakturadato, forfallsdato, fakturasum, bankkonto og eventuelt KID
Web levert av CustomPublish