Seminar om gatebruk og lys i Knarvik

Vi skal lage ein gatebruks- og lysplan i Knarvik sentrum, og inviterer til oppstartsseminar 2. november 2016.

For kven?

Grunneigarar, lag og organisasjonar, brukarar og andre som er interessert i utviklinga til Knarvik.

Kvar?

Kantina i Nordhordlandshallen

Når?

2. november 2016, klokka 16:00-18:00

Påmelding

Du treng ikkje å melde deg på - berre møte opp.

Om seminaret

Områdeplanen for Knarvik legg opp til ein omfattande transformasjon av sentrum, med ei utbygginga vil skje over mange år. Formålet med gatebruksplanen og lysplanen er å skapa heilskaplege løysingar for utforming av dei offentlege gatene i sentrum.

Gjennom invitert konkurranse er Smedsvig Landskap og ZENISK lysdesign engasjert som konsulentar for utarbeiding av Gatebruks - og lysplan. Planane skal utarbeidas i løpet av hausten 2016.

Lindås kommune inviterer saman med konsulentane til oppstartsseminar for alle med interesse for Knarvik sin stadsutvikling. Føremålet med seminaret er å få innspel på kva som bør vektleggast i arbeidet.

Gatebruks-og lysplanen er finansiert gjennom skjønnsmidlar frå Fylkesmannen i Hordaland

Vil du vite meir om konsulentane kan du sjå på www.zenisk.no og www.smedsvig-landskap.no.

Program

 16:00 Bakgrunn for arbeidet, gatebruks-og lysplan for Knarvik

Presentasjon av rådgivergruppen; Smedsvig Landskapsarkitekter og ZENISK lysdesign. Kven vi er og korleis vi jobbar. v/Arne Smedsvig og Kristin Bredal

16:15 Kva er ein gatebruksplan og kva skal til for å få et godt resultat? Kva er ein lysplan?

16:30 Kaffi

16:45 Kva er viktig i Knarvik? Vi brainstormar saman med dere over tema som:

  • Kvalitetar i Knarvik?
  • Funksjonar av ulike bygg og områder?
  • Trafikk?
  • Kor ferdes folk?
  • Rekreasjonsområdar?
  • Særskilte omsyn?
  • Visjonar for utviklinga av Knarvik
  • Forventningar til gatebruks- og lysplan?

18:00 Oppsummering og avrunding. Definisjon av mål.

 

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Trude Langedal på e-post trude.langedal@lindas.kommune.no.

Web levert av CustomPublish