Samfunnskunnskapsprøvar

Har du gått på kurs og ønskjer å ta ei samfunnskunnskapsprøve? Då må du hugse å melde deg på.

Prøven varar i 60 minutt, og skal vere på eit språk som du forstår godt. Du får 38 spørsmål med tre svaralternativ, der berre eitt svar er riktig. Du må ha minst 29 riktige svar for å bestå prøven.

Resultatet på prøven er anten «bestått» eller «ikkje bestått». Vi sender prøvebeviset ditt i posten seinast to veker etter at du har tatt prøven.

Trykk her for å lese meir om 50-timars kurset vårt i samfunnskunnskap.

Kva kostar det?

  • 300 kroner for prøven i samfunnskunnskap.

Påmelding til prøven

Påmelding til prøve i samfunnskunnskap skjer på heimesida til Kompetanse Norge.

Trykk her for å gå til sida med meir informasjon og påmelding.

Treng du hjelp?

Ta kontakt med oss på vaksenopplæringa.

Våre opningstider er måndag til fredag mellom klokka 08.30 og 15.30.

Web levert av CustomPublish