Vår- og haustrydding

Renovasjon i Nordhordland og Gulen (NGIR) køyrer rydderuter på våren og hausten til dei som bur langt unna gjenvinningsstasjonane.

Følg med på heimesida til NGIR for oppdatert informasjon om når hentebilane kjem forbi der du bur.

Slik leverer du avfallet ditt

Legg ulikt avfall kvar for seg på fast underlag, og set det ut før klokka 07.00 der du vanlegvis set ut dunkane dine. Avfallet bør setjast ut så nært hentetidspunktet som mogleg, og tidlegast 14 dagar før. Sørg for at det ikkje kan gjere skade på folk og dyr eller i naturen. Fjern ting som ligg lagra i nærleiken, som ikkje skal hivast. Kvitevarer må ikkje innehalda boss.

Dette kan du levere på rydderutene

  • elektrisk og elektronisk (EE) avfall
  • metall
  • restavfall som er for stort til bossdunken, til dømes stoffmøblar og madrassar
  • trevyrke inntil 1 m3 (impregnert trevyrke skal leverast til eiga henterute)

Dette kan du ikkje levere på rydderutene

  • bildekk
  • farleg avfall (sjå eiga rute på NGIR si nettside)
  • glas- og metallemballasje (eigne returpunkt)
  • hageavfall
  • matavfall/slakteavfall
  • medisin (apotek)
Web levert av CustomPublish