Ryddar skog til ny kraftline

I sommar starta BKK arbeidet med å rydde skog til den nye kraftlina frå Mongstad til Kollsnes. BKK skal vere i mål med arbeidet innan november.

Skogryddinga i Lindås kommune starta i veke 29. I Radøy starta arbeidet etter 1. august.

BKK gjer merksam på at det i periodar kan verta ein del støy frå helikopter og hogstmaskiner.

Arbeidet med skogrydding i Lindås og på Radøy skal etter planen vere ferdig innan november 2014. Men det kan sporadisk verta noko skogrydding
etter dette.

Grunneigarane vert berre varsla gjennom annonser i avisene og informasjon på nettsida til kommunane. 

Arbeidet vert utført av firmaet Hogst og Rydding AS.

Har du spørsmål, ta kontakt med BKK sine representantar:

  • Kjartan Kallekleiv, tlf. 975 30 043
  • Harald Aakerholt, tlf. 481 17 182
Web levert av CustomPublish