Fungerande ordførar Nina Bognøy stiller på nattope på Knarvik Senter for å dele ut restlageret av Nemaslug.

Fungerande ordførar Nina Bognøy stiller på nattope på Knarvik Senter for å dele ut restlageret av Nemaslug.

Restutdeling på Knarvik Senter

Fredag 6. mai er det nattope på Knarvik Senter. Då tar fungerande ordførar Nina Bognøy med seg det som er att av Nemaslug-posar ned til senteret. Ho står på det opne torget frå klokka 17.00 til det er tomt.

Fungerande ordførar Nina Bognøy gir seg ikkje før det er heilt tomt for Nemaslug.

Startskottet for den store snegleaksjonen 2016 small på torsdag 28. april. Omlag 1000 posar med Nemaslug forsvann då politikarar og tilsette i aministrasjonen delte ut middelet frå fire lokasjonar i kommunen.

Dagen etter invitererte vi innbyggjarar som ikkje hadde fått sin dose til rådhuset i Knarvik. Og her kan du hente Nemaslug til restutdelinga på Knarvik Senter fredag 6. mai. Henteplassar og tider er med andre ord som følgjer:

  • Rådhuset: Måndag 2. mai frå klokka 08.00 til 15.30
  • Rådhuset: Tysdag 3. mai frå klokka 08.00 til 15.30
  • Rådhuset: Onsdag 4. mai frå klokka 08.00 til 15.30
  • Rådhuset: Fredag 6. mai frå klokka 08.00 til 15.30
  • Knarvik Senter: Fredag 6. mai frå klokka 17.00 til 19.00 (eller til det er tomt)

Kjem du deg ikkje ut, kan du alliere deg med ein nabo eller kjenning. Då må du utruste hjelparen din med eit løyveskjema, som du finn på heimesida til kommunen.

Trykk her for å laste ned løyveskjemaet

Det er berre ein pose Nemaslug til kvar på utdelingsdagen, men hjelparar kan ta med seg inntil to posar til – om dei har med seg eit ferdig utfylt og signert skjema.

Aksjonen skjer etter førstemann-til-mølla-prinsippet!

Web levert av CustomPublish