Restlager på rådhuset

Vi har 50 posar att etter ekstrautdeling av Nemaslug på Lindås søndag 23. august. Treng du ein pose, kan du stikke innom ekspedisjonen på rådhuset i opningstida.

Vil du delta i aksjonen, men manglar middel - stikk innom ekspedisjonen på rådhuset mellom 08.00 og 15.30. Vi delar ut til lageret er tomt. Utdelinga skjer etter dei same reglane som tidlegare - det er ein pose til kvar husstand. Kvar frammøtt får berre hente ein pose.

Sjekk facebook eller heimesida til kommunen før du tar turen, slik at det ikkje vert ein bomtur. Vi oppdaterer så snart det er tomt.

Oppskrift for bruk av Nemaslug (Kannibalmetoden)

  1. Bland ut 1-2 teskeier Nemaslug i 1 liter lunka vatn (ca 20 grader). Bruk gjerne ein tom mjølkekartong. Dette skal så stå og godgjere seg i minst 1 time. Rør godt ut. Rør også rett før bruk. Noko av pulveret søkk til botn etter ei stund. Blandinga skal ikkje stå i direkte sollys.
  2. Gå ut og plukk brunskogsnigel. Klipp dei i to etterkvart som du plukkar dei.
  3. Når du er ferdig med dagens plukking heller du Nemaslugblandinga over dei oppklippa sniglane. Bruk gjerne ein tom isboks til dette. La det stå i 5-10 min.
  4. Fordel blandinga på strategiske plasser på eigedomen. Prioriter områder der du av erfaring finn mykje snigel.

Dette må ein gjere med jamne mellomrom. Ut og plukke, klyppe, blande og strø ut. Hald fram å plukke også etter at du er tom for Nemaslug. Plukking er tidkrevjande men har god verknad i kampen mot Brunskogsnigelen.

Web levert av CustomPublish