Reguleringsplan Hordasmibakken - 1. gangs offentleg ettersyn

Plan- og miljøutvalet gjorde i møte 30.10.2013, sak 162/13, vedtak om å leggje reguleringsplan for Hordasmibakken, gbnr 137/46, 59 og del av 705 m.fl., ut til offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-10. Hovudføremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for bygging 20 bustader som konsentrert småhusbusetnad med tilhøyrande parkering og uteareal.

Bustadane vert oppført med sikte på unge i etableringsfasen der det vert lagt til rette for husbanklån. I tillegg er eksisterande bustad nord for dei planlagde nye bustadane teke med i planframlegget. Bustadane er planlagt i to etasjar, og fastsett mønehøgd er på 56,5 meter.

Reguleringsplanen ligg til offentleg ettersyn frå 13. november 2013 til 28. desember 2013 på Lindås rådhus. Plandokumenta vil også verte å finne på braPLAN. I braPLAN, søk på plan-id 1263-201212, dokumenter.

Merknader til planframlegget skal sendast innan 28. desember 2013 til:

Lindås kommune, plan- og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, via elektronisk merknadsskjema eller til postmottak@lindas.kommune.no. Kommunen oppfordrar til å bruke elektronisk merknadsskjema ved innsending av merknader til reguleringsplanen.

Web levert av CustomPublish