Reguleringsplan for E39, parsell Eikefet - Romarheim - 1.gongs offentleg ettersyn

Hovudføremålet med planarbeidet er å byggja ut aktuell vegstrekning til stamvegstandard. Gjennom reguleringsplanen skal det verta fastlagt plassering og utforming av køyrevegar, og samstundes sikra nok areal til gjennomføring av prosjektet. Planen legg opp til ei løysing som reduserer køyrelengda Eikefet – Romarheim med 2050 meter. Framlegg til reguleringsplan omfattar også avkøyrsler og tilkomstvegar til lokalt vegnett ved Eikefet og Romarheim.

Planen får verknader for private eigedomar, då den føreset riving av bygg på Eikefet.

Planforslaget er utarbeida av  Statens vegvesen Region Vest i samarbeid med Lindås kommune.

Plan- og miljøutvalet vedtok i møte den 4. desember i år (sak 174/13), og i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10, å leggja reguleringsplan for E39, parsell Eikefet – Romarheim ut til første gongs offentleg ettersyn i perioden 24.12.13 til 11.02.13 på rådhuset i Knarvik. Plandokumenta vert også lagt ut braplan, søk på plan-id 1263-201203 og vel dokumenter.

 

Merknader til planframlegget må verta sendt innan 11. februar til: Lindås kommune, plan- og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø. Det er utarbeidd eige elektronisk merknadsskjema som kan nyttast, eller de kan sende merknaden til postmottak@lindas.kommune.no. Kommunen oppfordrar til å bruke elektronisk merknadsskjema.

Web levert av CustomPublish