Region Nordhordland si heimeside i ny drakt

...og splitter ny informasjonsside om Biosfære-prosjektet.

Melding frå Region Nordhordland / Nordhordland Utviklingsselskap IKS (NUI):

Heimesida til selskapet har no komme i nytt format. Samstundes har vi laga ei eige informasjonsside om biosfære-prosjektet. Begge dei nye heimesidene er i funksjon meir tilnærma kommunane i regionen sine nettsider, og vi håpar det vil gagne kommunane, samarbeidsaktørar og innbyggjarane i regionen med at de finn lettare fram i ei meir kjend design.

NUI er samarbeidsorganet til kommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy og Radøy, og jobbar med felles prosjekt på tvers av kommunane som skal vera bidra til vidareutvikling av regionen.

På sida til NUI vil ein finne informasjon og oppdateringar om arbeidet i selskapet. Dei største prosjekta vi arbeidar med no er Region Nordhordland Helsehus, kommunereforma og biosfære-prosjektet.  

Gå inn på http://www.regionnordhordland.no/ for å lese meir om Region Nordhordland.

Nordhordland kan bli det første UNESCO Biosfæreområdet i Norge! Dette er ein status som vil gjere regionen til eit modellområde for berekraftig utvikling. Kort oppsummert handlar det om å byggje på det beste frå fortida og kunnskap vi har i dag, finne gode berekraftige løysingar på utfordringar, og levere regionen vår vidare i ein framifrå tilstand til dei komande generasjonar.

Gå inn på http://www.nordhordlandbiosphere.no/ for å lese meir om Biosfære-prosjektet.

Web levert av CustomPublish