Gratis kjernetid i barnehagen

Ordninga gjeld for foreldre og føresette med barn i kommunale og private barnehagar.

Har du rett på redusert foreldrebetaling?

Frå 1. mai 2015 skal ingen hushald betale meir enn 6 prosent av inntekta si for ein barnehageplass. Frå 1.august 2017 gjeld dette for hushald som har ei samla inntekt som er lågare enn 500.500 kroner.

Har du rett på gratis kjernetid?

Gratis kjernetid betyr 20 timar gratis opphald kvar veke i barnehagen. Har barnet ditt heildagsplass må du sjølv betale for opphald utover dei 20 timane.

Hushald med inntekt lågare enn kr 450.000 per år som har 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, kan søkje om gratis kjernetid. 

Slik søkjer du:

  • Bruk det  elektroniske søknadsskjemaet vårt - trykk her for å opne skjemaet
  • Du må leggje ved sjølvmeldinga di som dokumentasjon. Dersom noko ikkje er registret på sjølvmeldinga av person- eller kapitalinntekt, må anna relevant dokumentasjon leggjast ved søknaden.
  • Merk all dokumentasjon med navn og fødselsdato til barnet ditt og send dokumentasjonen til: Lindås kommune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø.
  • Som hovudregel gjeld søknaden for eitt barnehageår om gangen.
  • Du må søkje innan 01.09.2017 for å få moderasjon frå oppstarten av nytt barnehageår. Elles gjeld retten til moderasjon frå og med første heile månad etter søknadstidspunktet.

Du kan lese meir om den nye ordninga på Utdanningsdirektoratet sine sider - trykk her for å gå til sida!

Web levert av CustomPublish