Psykisk helseteneste

Treng du hjelp og rettleiing til psykiske lidinger og/eller rusrelaterte problem? Psykisk helseteneste eit tilbod med individuell oppfølging, arbeids- og aktivitetstilbod, gruppebasert aktivitetstilbod, fritidsgrupper og samtalegrupper.

Psykisk helseteneste gir også hjelp til deg som er i målgruppa og bur i ein omsorgsbustad med døgnbemanning.

  • trykk her for å lese meir om omsorgsbustad pluss (omsorgsbustad med døgnbemanning)
  • trykk her for å lese meir om dagsenter for personar med psykiske problem
  • trykk her for å lese meir om dagsenter for personar med rusproblem
  • trykk her for å lese meir om dagsenteret Ner Kolås

Kva får du?
Vi gir mellom anna hjelp til:

  • medisinoppfølging med legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
  • burettleiing
  • individuell plan
  • oppfølging av barn med pårørande som er psykisk sjuke og/eller har rusrelaterte problem
  • støttesamtale/motivasjonssamtale

Krav til søkjar

Du må ha eller vere i ferd med å utvikle ei psykisk liding og/eller rusrelaterte problem.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Vi behandlar alle søknadar etter kvart som dei kjem inn til oss.

Slik søkjer du

Trykk her for å gå til felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester.

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.

Web levert av CustomPublish