Prosjektgruppa i forprosjekt vikarpool med arbeidsmiljøprisen 2017. Sølvi Ulvund, Hilde L. Johansen, Liv Berit Haukås, Kristin F. Arvidsson, Bente Lygre og Simon Grandahl.

Prosjektgruppa i forprosjekt vikarpool med arbeidsmiljøprisen 2017. Sølvi Ulvund, Hilde L. Johansen, Liv Berit Haukås, Kristin F. Arvidsson, Bente Lygre og Simon Grandahl. Desse seks inngår no i hovudprosjekt ressursbank, med Oddveig Husebø som prosjektleiar. I tillegg var Vegdis Tvedt og Aud Høydal med i forprosjektet som vann prisen. Prosjekteigar er Kommunalsjef Leni Dale.

Prisløna vikarprosjekt gir fast arbeid

Lindås kommune vann arbeidsmiljøprisen i Hordaland for eit forprosjekt, der målet var å opprette ein ressursbank med tilsette som kan dekke vikarbehovet til helse og omsorg. No er ressursbanken på plass.

Helse- og omsorgstenesta er ein stor sektor der dei fleste tenestene er døgnkontinuerlege og personalet arbeider i vaktordning. Det er alltid eit stort behov for vikarar for å dekke vaktene ved ferieavvikling og sjukdom. I 2017 sette vi difor ned ei prosjektgruppe som fekk i oppgåve å utvikle ein modell for sentralisert vikarpool til å dekke vikarbehova til helse- og omsorgssektoren.

Vi er stolte over at vi fekk arbeidsmiljøprisen i Hordaland 2017 for dette forprosjektet!

Forprosjekt blir hovudprosjekt

Forprosjektet har no gått over i hovudprosjekt. Ressursbanken er etablert og vi har lyst ut stillingar. Erfaring frå liknande prosjekt er at det tar tid frå oppstart av etablering til full effekt, derfor er prosjektperioden sett til 3 år. Prosjektet er ein del av ordinær drift frå oppstart.

Ressursbanken skal høyre til under sjukeheimstenesta som eigen avdeling. Tilsette skal jobbe på tvers av einingar og avdelingar i helse- og omsorgssektoren og i utgangspunktet dekkje fråvær på 8 – 60 dagar. Vi håpar og trur at dette mellom anna skal bidra til frigjort tid for leiarar, minska belastning på tilsette, auka kvalitet på tenestene, redusere ufrivillig deltid og eit lågare sjukefråvær.

Fleire faste stillingar

Ein viktig faktor er å kunne lyse ut heile faste stillingar slik som vi no har gjort i ressursbank. Prosjektgruppa er spent på responsen på lysingane og håpar på mange søkjarar slik at ressursbanken kan starte opp frå september.

Trykk her for å gå til oversikt over ledige stillingar i Lindås kommune.

Web levert av CustomPublish