Målet med politikampanjen er å førebygge vald i nære relasjonar.

Målet med politikampanjen er å førebygge vald i nære relasjonar.

Politikampanje: Kor lite skal du finne deg i?

Politiet si  informasjonskampanje for å førebyggje vald i nære relasjonar, "Hvor lite skal du finne deg i?" , skal gje auka kunnskap om tematikken og kva politiet kan bistå med, slik at valdsutsette kan søkja hjelp og koma ut av den valdelege situasjonen.

Mange grove kriminelle handlingar føregår i det skjulte og blir aldri kjende for politiet. Kampanjen Hvor lite skal du finne deg i?, som politiet relanserer denne veka, handlar om å førebyggje vald i nære relasjonar. Det er viktig å senke terskelen for å be om hjelp eller varsle politi og hjelpeapparat.

Kvart einaste år blir opp mot 150 000 personar utsette for vald frå nokon dei kjenner godt, ifølgje regjeringa sin handlingsplan ”Et liv uten vold”. Kun ein fjerdedel av kvinnene som vert utsett for grov vald i nære relasjoner, melder forholdet til politiet.

Dei fleste forhold startar med forelsking og kjærleik, og det er difor naturleg for mange som vert utsett for vald, å bortforklare og tilgje. Spørsmålet politiet si kampanje stiller, er ikkje kor mykje du skal finne deg i, men kor lite.

Med denne kampanjen ønsker politiet å førebyggje vald ved å gjere unge menneske merksame på faresignal og fortelje at det er viktig å søkje hjelp tidleg.

Sjå kampanjenettsida: www.hvorlite.no

Web levert av CustomPublish