Planregisteret

Det er no oppretta eit nytt planregister som erstattar braPlan, og nesten alle vedtekne planar i Lindås kommune kan du no finne der. Bruk rettleiinga som ligg på Planregistertet, så er du i gang!

I omlegginga av planregisteret oppstod det tekniske problem som førte til at nokon planar ikkje kan hentast fram i Nordhordlandskartet. Dersom du ynskjer planinformasjon om ein eigedom eller eit område, og ikkje finn informasjon gjennom planregisteret, ber vi difor om at du tek direkte kontakt med planavdelinga for avklaring. Send spørsmålet til: plan@lindas.kommune.no

Blogg med brukarrettleiing finn du her

Planregisteret finn du her

Planvakt

Ynskjer du innsyn i vedtekne arealplanar? Har du spørsmål knytt til planarbeid?

Planavdelinga har kontorvakt på følgjande onsdagar, i tidsrommet kl. 9-11, og kl. 11.30 -15, fram til sommaren:

18. april – 2. mai – 16. mai – 30. mai – 6. juni – 20. juni. Du treff oss i kundesenteret i rådhuset.

Kontakt med ansvarleg for plan i prosess

Ynskjer du kontakt med ansvarleg for den enkelte plan som er i prosess? Send spørsmål til plan@lindas.kommune.no eller ta direkte kontakt med ansvarleg planleggar som vist i lenka: https://www.lindas.kommune.no/informasjon-fraa-planavdelinga.6092184-335414.html

Ønsker du fleire opplysninger om innspel i plan, gå inn her

Web levert av CustomPublish