Områdeplanen for Knarvik sentrum skal til andre gangs handsaming i Plan og miljøutvalet onsdag 18. juni 2014.

Områdeplanen for Knarvik sentrum skal til andre gangs handsaming i Plan og miljøutvalet onsdag 18. juni 2014. Picasa

Planlegg ein by for heile Nordhordland

2014 er starten på ei ny tid for regionen. Nordhordland skal få sin eigen moderne kystby med grøne møteplassar, sentrumsnære bustader og meir handleareal. Her kan du laste ned og lese den nye områdeplanen for Knarvik sentrum.

PRESSEMELDING - 11. JUNI 2014

Planlegginga av det nye Knarvik sentrum er eit arbeid Vestlandet og Noreg knapt har sett maken til. Områdeplanen er omfattande og ambisiøs – og legg opp til ei framtidsretta og tett byutvikling med frodige byrom, 2.000 nye bustader og god plass til fleire butikkar og kafear – både på gateplan og i høgda.

Framtidsbyen Knarvik skal vere eit sentrum for oppleving, handel, kultur og aktivitet, ikkje berre for innbyggjarar i kommunen – men tilreisande, bergensarar og strilar frå heile regionen.

Kort om planen:

  • Byutvikling med bustader i sentrum: Krav til ein høg 1. etasje med glas og fleire dører skal sikre opne, aktive fasadar – slik at det vert lett å droppe innom ein kafé eller butikk frå gateplan. Planen opnar også for bygging av 2000 nye bustader, meir enn dobbelt så mange som sist planen vart handsama!
  • Styrkar handelsstanden Knarvik: Grunneigarar får meir byggjeareal!
  • Allmenning, offentlege byrom og møteplassar: Ein allmenning med gangveg mot Kvassnesstemma i sør og Nordhordlandshallen i nord vert ein sentral møtestad og knyter områda saman. Planen sikrar utsikt mot sjø og felles grøntområde
  • Parkering vekk frå bakken/mindre trafikk: Kvassnesvegen, som går parallelt med E39, skal utvidast og vere ei kollektivgate med kantstopp for bussreisande. Kollektivstasjonen er løfta ut av sentrum. Det er opna for parkering under bakken.

Områdeplanen for Knarvik sentrum skal andre gangs politisk handsaming i plan- og miljøutvalet onsdag 18. juni. Det er utvalet som legg planen ut til offentleg ettersyn. Høyringa, der aktørar og enkeltpersonar kan kome med innspel til planen, vil vare fram til september 2014.

Heile planframlegget med saksutgreiing kan du laste ned her:

Saksutgreiing til PMU 18.juni Knarvik sentrum.pdf

Føresegnssoner.pdf

Kvalitetsprogram.pdf

Plankart - vertikalnivå 1.pdf

Plankart - vertikalnivå 2.pdf

Plankart - vertikalnivå 3.pdf

Planomtale.pdf

Reguleringsføresegner.pdf

VedleggA - grøn overflatefaktor.pdf

VedleggB - grøne punkt.pdf

VedleggC - illustrasjonsplan.pdf

 

Kontaktpersonar:

  • Jan-Erik Hope (H), leiar for Plan- og miljøutvalet – Kontaktinfo: 90652684
  • Frøydis Ones, prosjekteleiar, areal- og miljøeininga – Kontaktinfo: 56375633 eller froydis.ones@lindas.kommune.no
  • Fredrik Barth, prosjektleiar, Asplan Viak – Kontaktinfo: 46426330 eller fredrik.barth@asplanviak.no
Web levert av CustomPublish