Pensjonistar og eldre - sjå her!

Bli med på ei flott markering av eldredagen 30. september. Påmeldingsfrist er 24. september. Sjekk programmet og meld deg på i dag!

Pensjonistlaga Lindås, Osterfjorden og Kløvheim vil i samarbeid med Frivilligsentralen invitere seniorar i kommunen til feiring av den internasjonale eldredagen med middag og underhaldning.

Program
  • Ordførar Astrid Aarhus Byrknes
  • Kommunalsjef Leni Dale
  • Kjell Dale kåserer
  • Ivar Hopland er konferansier
  • Shantykoret Navy Vocalis spelar
  • 2-rettars middag med dessert
  • Gratis buss
Når og kvar?

30. september frå klokka 16.00 til 19.45 på Westland Hotel.

Det blir gratis buss på følgjande plassar:

  • Frekhaug senter klokka 15.00. Bussen køyrer via Knarvik skysstasjon.
  • Rema 1000 på Ostereidet klokka 15.00. Bussen køyrer via Kløvheim 15.25 og Myking 15.35.
  • Begge bussane køyrer tilbake frå Westland hotel klokka 19.45.
Kva kostar det?

300 kroner per person. Set pengane inn på kontonummer 3637 27 83340.

Slik melder du deg på

Påmeldingsfrist og betaling innan 24. september 2018.

Merk innbetalinga med namnet ditt/namna dykkar.

Påmelding til Frivilligsentralen:

Web levert av CustomPublish