Parkeringsløyve

Parkeringsløyve er eit bevis på at du kan parkere på plassar for rørslehemma.

Kva får du?

Med parkeringsløyve kan du parkere på følgjande plassar:

  • Reservert for rørslehemma merka med offentleg trafikkskilt.
  • Kommunale parkeringsplassar utan å betale avgift.
  • Inntil dobbel tid på tidsavgrensa parkering frå 30 minutt og oppover. Unntak når det er skilta med tidsavgrensa parkering for rørslehemma med parkeringsløyve.
  • Stadar der det er innført  bustadsoneparkering.

Krav til søkjar

Du må ha legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå eller har store vanskar med å bevege deg over lengre avstand.

Du må dokumentere behov for å parkere ved bustad, arbeid eller ved regelmessige aktivtetar, for eksempel legebesøk

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist for parkeringsløyve. Vi behandlar alle søknadar etter kvart som dei kjem inn til oss.

Slik søkjer du parkeringsløyve

  1. Ta kontakt med kundesenteret på 56 37 50 00 for å få tilsendt skjema
  2. I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngi kvifor du søkjer.
  3. Legg ved eit passfoto. Skriv namnet ditt på baksida.
  4. Send søknaden og vedlegga til

Lindås kommune, Forvaltningskontoret
Kvernhusmyrane 41
5914 Isdalstø

Kva skjer vidare?

  1. Vi vurderer søknaden din.
  2. Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar
  3. Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
Web levert av CustomPublish