Det er påvist pærebrann i Lindås kommune. Mattilsynet oppmodar alle om å sjekke og rydde eigne eigedomar.

Det er påvist pærebrann i Lindås kommune. Mattilsynet oppmodar alle om å sjekke og rydde eigne eigedomar. Picasa

Pærebrann påvist i Lindås

"Sjekk og rydd eigedomen din," er den klare meldinga frå Mattilsynet - som inviterer til ope informasjonsmøte tysdag 26. august 2014.

Mattilsynet oppmodar alle grunneigarar, både private og offentlege, til å rydde lett mottakelige vertsplanter frå eigen eigedom.
 
Det er første gang plantesjukdomen pærebrann er påvist i Lindås kommune. Sjuke planter er registrert i Knarvik, i Alvermarka, på Lygra og i Kolåsfeltet. Mattilsynet reknar med at sjukdommen er spreidd i heile kommunen.
 
Det vert ikkje lagt opp til ein offentleg ryddeaksjon for å fjerne sjuke planter i Lindås kommune. Til det er smitten for utbredt og omfanget av vertsplanter for stort, skriv Mattilsynet på sine heimesider. Mattilsynet oppmodar i staden hageeigarar og offentlege etatar om å fjerne lett mottakelege plantar frå eigen eigedom.
 
Mattilsynet inviterer til eit informasjonsmøte på Knarvik kai tysdag 26. august klokka 12.00. Der vil representantar frå Mattilsynet orientere om angrepa i Lindås, vise infiserte plantingar og svare på spørsmål. Er du usikker på om plantane frå eigedomen din er smitta? Skjer av ei grein, og ta han med på informasjonsmøtet.
 
For meir informasjon om pærebrann, kva plantar han rammar og kontaktpersonar i Mattilsynet, trykk på lenka under:
 
Web levert av CustomPublish