Ruth Grung frå helse- og omsorgskomiteen på Stortinget kom for å observere eit babyprogram på helsestasjonen.

Ruth Grung frå helse- og omsorgskomiteen på Stortinget kom for å observere eit babyprogram på helsestasjonen. Picasa

Oslo ser til Lindås!

Eit babyprogram på helsestasjonane i Lindås og Radøy vekkjer merksemd. I juni kom nysgjerrige frå Oslo - og Portugal!

I juni fekk helsestasjonen på Radøy storfint besøk, både frå Portugal og helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.

Professor Maria Seabra Santos frå universitetet i Coimbria er mentor for "dei utrulege åra" i Portugal. Ho kom til Lindås for å observere ei babygruppe, med fokus på tilknyting og samspel mellom foreldre og born.

Babygruppa er del av programmet "dei utrulege åra", og er eit samarbeid mellom kommunane Radøy, Lindås og BUP. Tilbodet har blitt eit fast tilbod ved helsestasjonane i Lindås og Radøy - etter to pilotrundar hausten 2012 og våren 2013.

Professoren var frå Portugal var både interessert i implementeringa av programmet og forskinga knytt til babygruppene.

Same dag, kom Ruth Grung, stortingsrepresentant og medlem i helse- og omsorgskomiteen.

Grung gav uttrykk for at dette er ein svært spennande måte å arbeidet på, og at ho har stor tru på den førebyggjande effekten eit slikt program vil ha for framtida til foreldre og born som deltar.

Web levert av CustomPublish