Ordførar takkar for innsatsen

– Eg imponert over innsatsen og hjartevarmen til innbyggjarar og tilsette i kommunen. Takk til kvar og ein, som har stått på natt og dag, seier ordførar Astrid Aarhus Byrknes.

Dei fleste innbyggjarane i Lindås skal no ha fått straumen tilbake. Nokre husstandar er framleis utan straum. BKK reknar med at desse får straumen tilbake i løpet av dagen, tysdag 13. januar. Totalt har om lag 5700 kundar vore utan straum, sidan uveret traff kommunen midt på dagen laurdag.

Til alle som veit om feil eller straumlause innbyggjarar? Meld ifrå til BKK på feilmeldingstelefonen 05 123. For siste nytt om situasjonen og informasjon om kompensasjon etter straumbrotet, les på heimesida til BKK: Trykk her for å gå direkte til denne sida.

Ordførar Astrid Aarhus Byrknes er imponert og takknemleg over innsatsen til alle som har stått på sidan straumbrotet ramma kommunen.

– Arbeidstilhøva for tilsette i kommunen og bakkemannskapet i BKK har vore svært krevjande. Alle har gjort det dei kan for å ivareta innbyggjarane våre. Ein ekstra takk til tilsette i heile teknisk sektor, pleie og omsorg, Lindås og Meland Brann og redning og Sivilforsvaret, seier ordføraren.

Ho gjekk tidleg ut og oppmoda folk om å søkje saman og ta vare på kvarandre, og er rørt over responsen frå innbyggjarane.

 – Innbyggjarar har ringt kommunen og mellom anna tilbode husrom, ved, transport, naudaggregat og praktisk hjelp. Hjarterommet og rausheita eg har opplevd desse dagane, seier mykje om innbyggjarane i Lindås. Takk til alle, seier Astrid.

Web levert av CustomPublish