Oppstart planarbeid E39 Knarvik sentrum

I medhald av Plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8 vert det med dette varsla oppstart av reguleringsplanarbeid for E39 mellom kryss Kvernhushaugane/ Kvassnesvegen og kryss mot Stallane, samt del av Kvassnesvegen.

Planen omfattar delar av områdereguleringsplan Knarvik sentrum, plan ID 1263 201002, vedteken 18.06.2015. Byggetiltak i Knarvik sentrum avheng av ferdigstilling av ny oval rundkøyring og tilhøyrande sidevegar. Formålet med detaljreguleringsplanen er å sikre areal for gjennomføring av desse vegtiltaka. Vegsystemet skal detaljerast, og det kan verte naudsynt å utvide vegarealet for å trygge mjuke trafikantar og sikre god trafikkavvikling. Det skal sikrast anleggsbelte langs vegane og areal til omkøyringsveg og riggområde.

Tiltakshavar er Statens vegvesen og Lindås kommune. Innspel kan sendast til Norconsult, Postboks 1199, 5811 Bergen eller marit.mienna@norconsult.com. Mottekne innspel blir sendt Lindås kommune saman med planforslaget. Naboar og grunneigarar blir varsla direkte.

 

Frist for merknadar/innspel er sett til 24.04.2017.

 

For meir informasjon, kontakt utførande konsulent Marit Mienna, Norconsult AS, tlf 55 54 83 33

 

Det vert arrangert ein open kontordag, der dei som ynskjer kan koma å få informasjon om planarbeidet.

Stad: Kantina Nordhordlandshallen

Tid: Tors. 30. mars kl. 16.00 – 18.30

 

Web levert av CustomPublish