Opplæring og rettleiing til pårørande

Dette er eit tilbod til pårørande med særleg tyngande pleie- og omsorgsoppgåver.

Målet med opplæring og rettleiing frå den kommunale helse - og omsorgstenesta er å gi deg som pårørande støtte til å handtere og meistre rolla di som omsorgsytar. Vi gir dette tilbodet til den omsorgstmottakaren har ført opp som sin næraste pårørande.

Kva får du?

  • Pårørande får opplæring i særleg tyngande omsorgsoppgåver ut frå sine behov og ønske
  • Pårørande får støtte og hjelp til å handtere og meistre rolla som omsorgsytar

Krav til søkjar

  • Pårørande må ha behov for og ønske opplæring - eller rettleiingstiltak i utføringa av særleg tyngande omsorgsoppgåver, og ha evne og vilje til å ta imot og nyttiggjere seg tiltaka
  • Opplæring- eller rettleiingstiltak må sette den pårørande i stand til å ta i vare brukaren på ein forsvarleg måte
  • Opplæring og rettleiing som omfattar informasjon om omsorgsmottakaren som er underlagt teieplikt krev samtykke
  • Omsorgsmottakaren må bu heime og ønske omsorga frå den pårørande

Kva kostar det?

Opplæring og rettleiing kostar ingenting.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Vi behandlar alle søknadene etter kvart som dei kjem inn til oss.

Slik søkjer du

Trykk her for å gå til felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester.

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.

Web levert av CustomPublish