Oppheving av totalforbod mot eld

Totalforbodet mot å gjere opp eld utandørs vert oppheva frå og med fredag 20. mai klokka 08.00.

Kommunane Austrheim, Radøy, Lindås og Meland opphevar, totalforbodet mot bruk av eld utandørs. 
 
Uforsiktig omgang med eld, mellom anna bålbrenning og grilling, er den vanlegaste årsaken til skogbrann. Brannsjefane oppmodar difor folk flest til å vere forsiktige.

Alle innbyggjarar har ein generell plikt til å vere forsiktige for å unngå brann. Uavhengig av sesong, er det difor viktig at folk passar ekstra på når dei gjer opp eld utandørs. Det er også viktig at folk respekterer totalforbod.

Brannsjefane minnar også om dei generelle reglane i forskrift om brannførebygging § 3; Generelle krav til aktsomhet; "Det er forbudt å gjøre opp ild eller behandle brannfarlige gjenstander utendørs under slike forhold eller på en slik måte at det kan føre til brann. Oppgjort ild må ikke forlates før den er fullstendig slokket»
 
Mvh,
Brannsjef Austerheim og Rolf Henning Myrmel
Brannsjef Radøy kommune, Stein Ove Valdersnes
Brannsjef Lindås og Meland, Karl J Romarheim
Web levert av CustomPublish