Opphever vatningsforbodet

Vatningsforbodet frå 16. juni har regna vekk! No kan du vatne plenen og fylle badebassenga att. Det fristar kanskje ikkje nett no, men vi får håpe at sommarveret snart kjem tilbake.

OPPDATERT MELDING, 27. JUNI 2016:

Lindås kommune opphever vatningsforbodet frå 16. juni. No står du heilt fritt til å vatne plenen og fylle det store badebassenget i hagen.

 

OPPRINNELEG MELDING, 16. JUNI 2016:

Lindås kommune innfører vatningsforbod frå og med torsdag 16. juni. Årsaka er langvarig tørke, som har ført til svært høgt forbruk

Vassforbruket er no så høgt, at det går ut over sikkerheita i vassforsyninga. 

Forbodet gjeld all unødig forbruk av vatn, til dømes:

  • Vatning av plen
  • Fylling av private badebasseng og liknande

Det er framleis lov til å vatne blomar i krukker og bed.

Forbodet gjeld til ny melding blir gitt.

Web levert av CustomPublish