Det årlege russearrangementet samlar ungdom frå heile regionen.

Det årlege russearrangementet samlar ungdom frå heile regionen.

Opnar russearrangement for alle

Torsdag 20. april klokka 11.30 inviterer Trafikkfagleg samarbeidsutval 600 ungdomar til det årlege russearrangementet i Knarvik! Arrangementet er ope for alle.

Kva skjer når ein bil i 80 km/t treffer fjellveggen? Korleis jobbar blålysetatane for å sikre ein ulykkesstad og berge dei involverte?

Det årlege russearrangementet til Trafikkfagleg samarbeidsutval samlar ungdom frå heile regionen i april kvart år. Målet med arrangementet er å gi russen nokre inntrykk, som gjer at dei tenkjer meir på sikkerheit når russetida startar for alvor.

I fjor opna Trafikkfagleg samarbeidsutval utdelen av arrangement for alle som har tid og lyst til å delta. Det ønskjer dei å gjere i år også. Utedelen varar om lag i ein time frå 11.30.

Utvalet ønskjer i tillegg å gjere alle merksame på at parkeringsplassen mellom kyrkja og idrettshallen er stengt for parkering frå klokka 22.00 kvelden før til arrangementet er over på torsdagen.

Når?
Torsdag 20. april klokka 11.30 til 12.30

Kvar?
På parkeringsplassen mellom kyrkja og Nordhordlandshallen i Knarvik.

For kven?
Arrangementet er ope for alle, men TSU gjer merksam på sterke scener – og ber foreldre om å skjerme dei yngste borna.

Web levert av CustomPublish