Gunnar Takvam er avdelingsleiar for dagavdeling for funksjonshemma. 11. november inviterer han til open dag.

Gunnar Takvam er avdelingsleiar for dagavdeling for funksjonshemma. 11. november inviterer han til open dag.

Opnar dørene til dagavdelinga

Alle menneske har krav på eit aktivt liv. På dagavdeling for funksjonshemma får nokre av innbyggjarane i kommunen vår oppfylt nettopp dette. Kom og sjå kva dei gjer på!

Tysdag 11. november opnar avdelingsleiar Gunnar Takvam dørene til dagavdelinga – slik at du kan sjå og oppleve det som skjer på innsida. Avdelinga er open for besøk frå klokka 1000 til 1400.

Målet med den opne dagen er å vise at gruppa, som nyttar seg av tilbodet, har gode, aktive dagar.

Invitasjonen går til pårørande, tilsette i kommunen, politikarar og andre som lurar på kva tilbod kommunen har til ei gruppe, som treng tett oppfølgjing og hjelp for å meistre og trives i kvardagen!

Look to Lindås!

Open dag har blitt ein fast post på årshjulet til dagavdelinga. Og tilbakemelding frå tidlegare år, viser at folk fleste vert overraska og imponert over det dei får sjå. I fjor var meir enn 100 personar innom dørene.

– I tillegg har vi ein del besøk frå andre kommunar, som ønskjer å sjå og lære korleis vi byggjer opp dette tilbodet i Lindås, fortel Gunnar.

Ein vanleg dag på dagavdelinga varierer frå brukar til brukar. Skreddarsaum er heilt sentralt, for å sikre at kvar og ein får opplevingar og utfordringar som passar dei.

– Tilbodet vårt har i stor grad blitt til gjennom ekstrainnsats frå dei tilsette. Dei siste åra har vi fått fleirtalet av brukarane våre med på aktivitetar, som vi på førehand har trudd berre passa for eit fåtal. Det er heilt spesielt! fortel Gunnar.

Ei rekkje tilbod

På sjølve dagavdelinga har dei tilsette bygd opp ei rekkje sanserom i ulike fargar – som skal stimulere ulike sansar.

I det blå rommet kan brukarane mellom anna få massasje med oljer, eller slappe av i ein blå, lun krok – bak blå gardiner og med blå lys. I eitt av dei kvite romma finst ei musikkseng, som sender lydbølgjer gjennom madrassen.

– Målet med romma er å stimulere sansane til brukarane våre, og gi dei positive opplevingar – anten åleine eller ilag med andre, fortel Gunnar.

I tillegg til sanseromma har dagavdelinga bygd opp en verkstad, der fleire av brukarane produserer kompoststrø til NGIR, det regionale renovasjonsselskapet vårt. Andre aktivitetar er riding, matlaging, dans, turar, fysisk trening i basseng.

Positiv effekt

Brukarane på dagavdelinga er multifunksjonshemma, og har store utfordringar som krev særleg tilrettelegging. Tilbodet har fokus på livsglede, sosialisering, utvikling og er eit viktig tilskot til kvardagen for om lag 15 brukarar!

– Etter aktiviteten på dagavdelinga, ser vi at mange får ein rolegare kveld, søv betre og gler seg til nye dagar. Her får dei bruk energien sin på ein positiv måte, seier Gunnar.

Web levert av CustomPublish