Opnar asylmottak i februar

Huseigar og Norsk Mottaksdrift jobbar på spreng for å gjere alt klart til opning av det nye asylmottaket på Vågseidet.

Den planlagde opninga av asylmottak for mindreårige flyktningar vart utsett, då servicebygget til hotell Lune Huler vart påtent og brann ned til grunnen i desember.

På grunn av etterforskinga fekk huseigar først tilgang til branntomta sist måndag, 18. januar 2016. No er planen å erstatte bygget med brakker til opphaldsrom, kjøkken og kontor.

Norsk Mottaksdrift, som skal drifte mottaket, reknar med at dei kan ta imot dei første flyktningane i løpet av februar.

Lindås kommune er i dialog med huseigar og Norsk Mottaksdrift om to forhold:

  • Tilrettelegging for eit nytt bygg på branntomta
  • Tenestene kommunen skal levere til ungdomane som kjem

Kommunen vil følgje opp ønsket frå informasjonsmøtet i Lindåshallen 10. desember, og invitere til eit nytt møte når det nærmar seg opning.

Vi kjem tilbake med meir informasjon om når og kvar dette møtet blir.

 

Meir informasjon: Gå til artiklar på heimesida til kommunen

Web levert av CustomPublish