Atle Bondevik har vore med og merkja stien til topps.

Atle Bondevik har vore med og merkja stien til topps.

Opna tursti til det høgaste fjellet i Lindås

Ivrige frivillige har sørgja for merkja tursti til Sørdalsnuten, 957 meter over havet.

– Alle kommunar med respekt for seg sjølv, har markert den høgaste toppen, sa Atle Bondevik. 

Han er ei av eldsjelene som har arbeida med tilrettelegging av turen frå Dyrkolbotn. Etter mange timar med å finne den optimale traséen, og å merkje løypa, var finaledagen endeleg kommen.

Tysdag ettermiddag var ordførar Astrid Aarhus Byrknes på toppen, og offisielt avduka postkasse og skilt. Med sirleg skrift blei ho den første som skreiv seg inn i den nye turboka. Sørdalsnuten blir også det høgaste fjellet i Alver kommune, og ordførarkollega og leiar i fellesnemnda, Øyvind Oddekalv, var neste person som skreiv seg inn.

– Det er livet

Stein for stein har dei frivillige frå Nordhordland turlag stabla vardar oppover fjellet. Jan Ivar Berge har vore aktiv i turlaget i 30 år, og var ein sjølvsagt deltakar då dei siste tre kilometrane med merking skulle gjennomførast.

– Vi er ein gjeng på 10-12 personar, som går og sjekkar vardar gjennom året, fortalde han.

Berge får nesten ikkje nok av den friske fjellufta.

– Det er livet, dette. Heime i hagen blir det ikkje gjort så mykje, sa han og smilte breitt.

Med eit løypenett på over 130 kilometer å halda oppsyn med, er ikkje det så rart.

Misforstått toppunkt

I Stølsheimen, 957 meter over havet, ruvar den høgaste toppen i Lindås. At dette er det høgaste punktet i kommunen, er det ein del som ikkje har vore klar over.

Leiv Eidsnes var med som grunneigar og kjentmann på turen til Sørdalsnuten. Han kunne fortelje at for 20 år sidan kom han over eit kart der Instebotnknolten var merka av som kommunen sitt høgaste punkt.

– Eg steilte, og fann fram blyanten og strauk over, sa den smilande pensjonisten.    

Turen til Lindås sitt aller høgaste fjell går frå Dyrkolbotn, mot Skavlabu. Etter sju kilometer tar du av den T-merka stien. Der er det skilta til Sørdalsnuten. Dei siste tre kilometerane har no blitt merka med raude strekar og småvardar langs heile løypa.    

Legg til rette

Lindås kommune er med på laget, og leiar ved Frivilligsentralen i Lindås, Per Ole Ekker, har vore viktig i arbeidet.

– Vi har fått midlar frå Gjensidigestiftelsen, forklarte han.  

No håpar han fleire får auga opp for den flotte toppturen til Sørdalsnuten. Forholda var heilt perfekte då ordførarane var med på opninga av turstien. På toppen kikka sola fram, og det var ikkje så mykje som eit vindpust på turen.

Arrangementet var i samband med Friluftslivets veke, som er ein del av 150-årsmarkeringa til Den Norske Turistforening. Begge ordførarane skrytte over engasjementet til dei frivillige i Nordhordland turlag.

– Dei frivillige er gullet vårt, sa Byrknes, medan ho vandra trygt nedover på den nymerkja løypa.

Elleve jublande personar deltok på opninga.
Elleve jublande personar deltok på opninga.
Atle Bondevik og Per Ole Ekker i samtale på Sørdalsnuten.
Atle Bondevik og Per Ole Ekker i samtale på Sørdalsnuten.
Jan Ivar Berge (i midten) trivest aller best til fjells. Her saman med Magnus Sæverås (t.v.) og Bjørg Haldis Seljelid.
Jan Ivar Berge (i midten) trivest aller best til fjells. Her saman med Magnus Sæverås (t.v.) og Bjørg Haldis Seljelid.
Grunneigar Leiv Eidsnes (t.v.) og Olav Tveito i fint driv på veg heim.
Grunneigar Leiv Eidsnes (t.v.) og Olav Tveito i fint driv på veg heim.
Lunsj medan Leiv Eidsnes (t.h.) entusiastisk fortel historier om seterdrift i dalføra.
Lunsj medan Leiv Eidsnes (t.h.) entusiastisk fortel historier om seterdrift i dalføra.
Astrid Aarhus Byrknes signerer som første kvinne i den nye boka.
Astrid Aarhus Byrknes signerer som første kvinne i den nye boka.
Øyvind Oddekalv signerer, medan Astrid Aarhus Byrknes og Per Ole Ekker følgjer nøye med.
Øyvind Oddekalv signerer, medan Astrid Aarhus Byrknes og Per Ole Ekker følgjer nøye med.
Atle Bondevik serverte heimeprodusert røykt pølse og plommesaft på toppen.
Atle Bondevik serverte heimeprodusert røykt pølse og plommesaft på toppen.
Det er tre kilometer frå den T-merkja løypa til toppen.
Det er tre kilometer frå den T-merkja løypa til toppen.
Sørdalsnuten viste seg frå si beste side.
Sørdalsnuten viste seg frå si beste side.
Lindåsordførar Astrid Aarhus Byrknes stod for opning av postkasse og nytt skilt.
Lindåsordførar Astrid Aarhus Byrknes stod for opning av postkasse og nytt skilt.
Web levert av CustomPublish