Open hall i sommarferien!

Barn og ungdom mellom 10 og 18 er velkommen til open hall i Nordhordlandshallen og Lindåshallen - dei to første og to siste vekene i skuleferien.

I samarbeid med Nordhordland Ballklubb og Lindås Idrettslag, inviterer Lindås kommune til open hall i skuleferien. 

Open hall er eit tilbod for barn og ungdom mellom 10 og 18 år. Barn under 10 år kan kome i følgje med føresette.

Opningstida i Nordhordlandshallen er 12.00 til 16.00 desse vekene:

  • Veke 25: 20. til 24. juni
  • Veke 26: 27. juni til 1. juli
  • Veke 31: 1. til 5. august
  • Veke 32: 8. til 11. august

Opningstida i Lindåshallen er 12.00 til 17.00 desse vekene:

  • Veke 25: 20. til 24. juni
  • Veke 32: 8. til 12. august

Vi ber foreldra om ikkje å senda barna til hallen før klokka 12.00. Hallane er ikkje bemanna utanfor opningstida for open hall, og dørene vil vera låst.

Ved spørsmål om open hall, kontakt Atle Vaage 94530126  atle.vaage@lindas.kommune.no

Web levert av CustomPublish